Erna, tek du ansvar?

Ole L. Haugen- Statsminister Erna Solberg, eg håpar du
vil lytta.


Den eventyrlige veksten i oppdrettsnæringa
kan berre fortsetta dersom fjord og kystkommunane får meir
igjen for å stille sitt reine og friske vatn til disposisjon for
fisken i merdane. Statsminister Erna Solberg, eg håpar du
vil lytta.

Fram mot 2050 er oppdrettsnæringa spådd ein eventyrlig
vekst, frå 90 milliardar i dag til 550 milliardar kronar, altså ein
seks dobling. Veksten blir ikkje verkelegheit utan at fjord- og
kystkommunane får ein større del av inntektene, men utan at
næringa får større utgiftar. I den kommande
havbruksmeldinga og statsbudsjettet for 2016 må difor
regjeringa gje kommunane ein større andel av inntektene. Det
vil skape sterkare vekst- og miljøincentivar som er nødvendige
om den eventyrlege veksten skal fortsetta.

Eventyrlig
Få trudde også at nokon hundre tusen kilo på 1980-tallet skulle
ende med ein produksjon på meir enn ein million tonn kvart år.
Langs kysten har oppdrettsnæringa bidratt til arbeidsplassar
og verdiskapning. Eksportverdiane har økt frå 28.8 i 2004 til
42.2 milliardar i 2013. På same tid er antall selskapa
redusert frå 926 til 158 oppdretsselskapar. Konsolideringa
av oppdrettselskapar, forselskapar og anna
leverandørindustri er hevda å ha vore med på å sikre ei næring med
betre driftsmarginar som er meir robust i ein internasjonal
konkurranse.

Tilgang på rein sjø og gode oppdrettslokalitetar

Oppdrett er industriell matproduksjon, men skil seg på nokon
områder frå andre næringar og er meir lik andre som til
dømes kraftutvinning. I tillegg til utstyr, smolt og for,
er tilgangen på naturressursar den viktigaste innsatsfaktor. For
oppdrett er rein og frisk sjø det mest avgjerande for å
oppdrett yngel til vaksen slakteklar laks. I fjord - og
kystkommunar stiller vi den reine og friske sjøen til
disposisjon. Merdane ligg mellom våre holmar og skjær og i
disposisjon. Dei fleste av innbyggjarane aksepterer
fordi dei ser at det skapar viktige verdiar for landet
vårt.

Berekraftig forvaltning
For fjord- og kystkommunar har kysten vore kjelde til
verdiskapning og inntekta gjennom fleire hundre år. Vi har søkt å
forvalta kystsona gjennom berekraftig bruk der vi haustar
etter behov, men ikkje meir enn naturen kan gje innanfor
berekraftige rammer. Slik forvaltar vi for framtidige
generasjonar. Stadig fleire spør meg no: kva har vi lokalt igjen
for anleggjande som ligg i og utafor vår strandsone? Enkelte kommunar
opplev belastninga ved at tradisjonelle arbeidsplassar
knytt til turistfiske i elvar forsvinn som følgje av færre
villaks og økt innslag av lakselus og rømt fisk. Nokon
kommunar mister tidlegare lakseslakteriar og forfabrikker som
følgje av konsolideringa av oppdrettsnæringa. Vi som
kommunepolitikarar forsvarar tildelinga av konsesjonar
ovanfor våre innbyggjarar. Ringverkningane bidrar til
arbeidsplassar i mange kommunar, men det vert stadig færre.
Nokon av dei største aktørane i oppdrettsnæringa står igjen
med berre eit fåtal slakteria langs kysten. Vi aksepterer deira
rett til å driva rasjonell forretningsdrift.

Ynskjer dialog
Men det er på høg tid å spørje korleis vi sikrar at ein
rettmessig andel av verdiane som skapast vert igjen lokalt, hos
oss som tek belastninga gjennom å få areal i sin kystsone
beslaglagt og forringa. Vi spør oss, kva har vi igjen for det som gjer at vi
kan forsvara ein fortsatt vekst. Vi invitera til ein diskusjon og
eit samarbeid, mellom næring, myndigheiter og lokalpolitikare,
om korleis vi kan realisere potensiale for vidare vekst som ligg
i havbruksnæringa og korleis vi sikrar at ein rettmessig
andel av verdiane vert igjen i lokalsamfunna. Vi håpar
regjeringa og stortinget tek utfordringa. Alternativet kan
raskt bli at kommunane sluttar å leggje til rette areal for oppdrettslokalitetar,
og at vi får ein aukande misnøye i kommunane og i opinionen.

Vi tek ansvar
Vidare vekst i havbruksnæringa er ikkje mogleg utan at fjord- og
kystkommunar tilrettelegg areal til havbruk. Om
kommunane skal gje sitt bidrag til utvikling av fleire
arbeidsplassar og økte eksportverdiar, til beste for nasjonen og
storsamfunnet, så må kvar enkelt sitte igjen med en større andel av verdiskapinga.

kommune sitte igjen med ein større andel av verdiskapinga.
inntekt frå næringa, utan at næringa påførast økte utgiftar.
Både næringa og fellesskapet har ein sterk eigeninteresse av at
fjord- og kystkommunar gjer sjøareal tilgjengeleg. Som
ordførar håper eg difor at regjeringa innser at fjord og
kystkommunane må få nye inntekter gjennom den såkalla arealavgifta.
Det vil gi både vekst og miljøincentivar.

Populær kystsak
Regjeringa kan her få ein populær sak i meir enn ein tredjedel
av landets kommunar. 55 fjord- og kystkommunar går snart
inn i ein viktig lokalvalgkamp. Kommunane treng inntektene
for å utvikla betre lokalsamfunn med betre velferdstenester til innbyggjarane,
og for å fortsetta den heilt nødvendige, ansvarlige og miljøvennlige
tilrettelegginga av nytt areal. Dersom kommunane ikkje får
sin rettmessige andel av inntektene frå havbruksnæringa, er
det vanskelig å sjå at det er mogleg å realisera vekstpotensialet i
næringa. Det ynskjer korkje regjeringa, næringa eller
havbrukskommunane.


Kontakt
Nettverk fjord- og kystkommuner (NFKK)
v/ Kjell Olav Gammelsæter
KS Bedrift
Haakon VIIs gate 9
Postboks 1378 Vika
0114 Oslo

E-post: kystnettverket@ks.no
Tlf.: 413 05 221

Du kan også nå oss på Facebook
Siste nytt

Sjømat Norge bør tenke seg om!

07.12.2017 15:31
Mandag denne uken skriver Geir Ove Ytsmark, administrerende direktør i Sjømat Norge, at det er «Tid for tenkepause om havbruksavgifter». Vi tror heller det er Sjømat Norge som nå bør tenke seg om. I s...
Les mer

Utbetaling fra havbruksfondet i 2017

05.12.2017 15:42
Vi får jevnlig spørsmål om det er penger i havbruksfondet og om når de blir utbetalt. Det har drøyd før vi har fått tydelig svar, men nå opplyser Nærings- og fiskeridepartementet at pengen i havbruksf...
Les mer

Lakseavgift er en gavepakke til oppdrettsnæringen!

01.12.2017 09:54
I følge administrerende direktør i sjømat Norge, Geir Ove Ystmark, skal ønsket om en egen lakseavgift være et uttrykk for at kystkommunene bare «tenker på hva som kommer inn i kommunekassa». Det sier ...
Les mer

- Trist at Geir Ove Ystmark har gått tom for saklige argumenter

30.11.2017 17:05
Sier NFKKs styreleder Ole L. Haugen om Ystmarks påstand om at «Kystkommunene tenker ikke mye på sikring av arbeidsplasser» og «Tenker bare på pengene».
Les mer

Presentasjoner fra Høstsamlingen

09.11.2017 08:18
Her kan du se alle innleggene fra Høstsamlingen på Gardermoen
Les mer